mandag 30. september 2013

Opnar

...
Foto: Else Børte

Opnar den nye Kroa

Tysdag opnar Egil Hegerberg, betre kjent som Bare Egil, den nye Kroa i Bø. Han har spela på den gamle både med Hurra Torpedo og Black Debbath, så han kan nok ha litt på hjartet om gamal og ny kro.
 
Publisert 29.09.2013 kl 21:30 Oppdatert 30.09.2013 kl 11:38
Svart, grått, enkle møblar, bar betong og mintgrønt er stikkord for den nye Kroa, som er lagt til campus i Bø. Med barnehage og høgskule som næraste naboar. Det nye bygget er tenkt som eit fleirbrukshus og minner om eitt også. Med grupperom til studentar i andre høgda og vindauge i kombinert konsert- og eksamenssal. Det er ikkje mykje som minner om det slitte rocka lokalet i Napastaatunet. 

Sjølv om arkitekten har teke med seg nokre likskapar, som mesaninen, intimbar og storsal. Det har blitt ei meir brukarvenleg og glansa kro enn den som avheldt sin siste konsert tidlegare denne månaden.

– Eg synest det byrjar å bli bra. Det hjelper å få inn ting. Me må fylle huset med meining og sjel, seier dagleg leiar ved Kroa Kine Kronkvist.
 
NY TEKNIKK
Sidan Kronkvist overtok den nye Kroa 15. september har det gått i eitt for ho. Den skal nemleg opne 1. oktober. Av kroavenen Egil Hegerberg.
– Dette klarer me å få klart. Det har vore travelt og er framleis det, seier den optimistiske daglege leiaren.

Ho fortel at det som regel har vore tjue folk i sving store delar av døgeret etter overtakinga. Den nye Kroa er mindre enn den gamle, men har fått ei større scene. Før måtte teknisk crew trekke leidningar frå scene til lydbu langs golv og veggar. Nå ligg dei inne i golv og vegg. Ein akustikkar har utforma alt som har med lydkonsekvensar å gjere.
– Her er det ingen tilfeldigheitar, seier Kronkvist.
 
KAN TA MED ØLEN UT
Om det ikkje har vore store arrangement på Kroa, så har ein alltid vore nøydt til å setje ølen innafor døra om ein har hatt behov for å trekkje frisk luft i løpet av ein kveld. Nå har Kroa fått eiget område utanfor intimpuben der det er lov å nyte alkohol. Den nye Kroa er som sagt mindre enn den gamle arealmessig. Det er dagleg leiar bare glad for fordi nå er det mindre oppbevaringsplass. Ikkje så reint lite hadde samla seg opp i kvar ledige krok på gamlekroa. Ho er nøgd med utsjåanden på den nye Kroa.
- Det er fint med det røffe uttrykket i betongveggane, seier ho.
 
OMVISNING
Den mintgrøne farga er brukt på publikumsområda, så gjestene lett skal navigere seg fram til bar og do.
– Farga livnar opp det mørke, seier Kronkvist.
I tillegg har personalet fått eiget rom og toalett.
På opningskvelden blir det mogleg å få omvising på bygget i tillegg til å ete kake.
– Denne kvelden kan folk sjå plassar dei ikkje har tilgang til seinare, seier Kronkvist.
Ho er spent på korleis opningskvelden blir.
– Dei frivillige må gjere seg kjent med bygget, seier kroaleiaren.
Ingenting på den nye Kroa er døpt, men Kronkvist har merka seg at namn, som intimbaren, frå gamle-Kroa har blitt med på flyttelasset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar