MORO: – Eg kan ikkje love telemarkingane nokon fin sommar, men det er moro med gamle verteikn, seier Peder Rekkedal på Gvarv som har observert mange høge skjærereir i vår.
Varslar flott sommar
Skjæra byggjer reiret sitt høgt i vår. Ifølgje gamle vêrteikn
varslar det ein fin sommar.
HØGT: Skjæra har bygt høgt reir også i Bø-gata
Peder Rekkedal på Gvarv er full av begeistring over det som skjer ute i den flotte naturen vår no i mai. I tre etter tre har han observert at skjæra byggjer høgt.
Vil ikkje love
– Eg kan ikkje love telemarkingane nokon god sommar, men det er moro med gamle vêrteikn. I gamle dagar heitte det at ved slik bygging blir det ein fin sommar, fastslår den tidlegare Sauherad-rådmannen.
– Eg har observert sju-åtte slike reir frå Gvarv sentrum og opp til Bøgata, legg Rekkedal til.
Naturentusiasten Jan Skogheim i Sørreisa i Nordland gav for eit få år sidan ut boka «Lille vær- og turboka». Ifølgje han kan skjæra spå veret. I samband med bygging av høge skjærereir i Bodø uttala han at skjæra byggjer lågt for å ha mest mogleg over seg for å unngå regn. Når skjæra vil ha det luftig, blir sommaren fin, så dette er eit svært godt teikn, ifølgje vêrmannen i nord.
Hans konklusjon er i tråd med det denne spaltist har høyrt frå gamle folk her i Telemark gjennom mange år.
Viss du vil bli forvirra, er det berre å søkje på internett. Der finn ein òg innslag om at låge skjærereir betyr ein fin sommar...
Ask før eik
I eldre tider – utan radio og yr.no – følgde folk nøye med på det som skjedde i naturen. Vêret var viktig i det gamle bondesamfunnet – til dømes i slåtten og for å sikre andre avlingar.
Kven av trea som vakna fyrst til liv om våren, har blitt studert nøye i generasjonar. Ask har blitt samanlikna med eik – og det gav følgjande ordtak: «Ask før eik betyr steik – eik før ask betyr plask».
– Slår ikkje feil, sa ei gammal Bø-kvinne for nokre år sidan.
Ikkje noko for seg
Den meteorologiske ekspertisen er derimot svært skeptisk til gamle vêrteikn.
– Før moderne meteorologi og vêrvarslingar nytta folk ulike teikn i naturen for å spå vêret. Nokre av desse teikna kan forklarast ut frå meteorologiske fenomen, medan ein god del ikkje har nokon samanheng med veret. Vêrteikn som seier noko om vêret veker og månader fram i tid har ikkje noko for seg, medan teikn som tek utgangspunkt observasjonarar og himmelen kan seie noko om vêret dei neste timane, framgår det av ein artikkel på internettsida til Meteorologisk institutt.
b Halvor Ulvenes
halvor.ulvenes@varden.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar