onsdag 2. juli 2014

«Robinson» på tv

...
ENDELEG SKILT: - Det handlar om identitet, og betyr mykje for oss som bur her, seier Thomas Vågen, som har vore pådrivar for å få stadnamnet på skilt. Møsstrond sokn strekkjer seg rundt Møsvatn, den største innsjøen i Telemark. Foto: Kjersti Kaasa

Da de så «Robinson» på tv var begeret fullt

VINJE/TINN: No skal det ikkje lenger rå tvil. Her heiter det Møsstrond, og ikkje Møsvann – eller Rauland.
Kjersti Kaasa E-post
Publisert 02.07.2014 kl 08:41 Oppdatert 02.07.2014 kl 08:46


Det var Robinson-ekspedisjonen i 2012 som var dròpen for Thomas Vågen og fleire fastbuande møsstrendingar.

– Media framstilte det som ekspedisjonen fann stad på Rauland, men det gjorde den slett ikkje. Den blei filma her, på Møsstrond, seier han.

Dette var berre eit symptom på noko Vågen lenge hadde forstått: ikkje alle veit kor Møsstrond er.
For dei uinnvigde er kanskje ei lita innføring på sin plass: Møsstrond er eit delvis veglaust samfunn som er stort i areal og lite i innbyggjartal. Bygda strekkjer seg langs dei milelange strendene kring Telemarks største innsjø Møsvatn, og forbi Argehovd inne på Hardangervidda.
 
40 VEGLAUSE
Jamfør VandreTelemark bur det om lag 150 menneske i fjellbygda Møsstrond, og rundt 40 av innbyggjarane er busette på gardar langt unna bilvegen sitt endepunkt på Varland. Desse nyttar vatnet som ferdselsåre, heile året rundt.

Under islegging og isløysing høvesvis om hausten og våren, kan innbyggjarane på dei veglause gardane vera isfaste og utan tilgang på både post og butikk i fleire veker.
Inntil våren 2002 hadde Møsstrond sin eigen internatskule på øya Hovden, kor også kyrkja ligg. Grunna lågt elevtal blei skuledrifta avvikla, og no går ungane frå Møsstrond på Rauland skule.
Googlar du «Møsstrond» får du ikkje denne informasjonen. Søkjer du etter «Møsstrond» i karttenester på nett, får du ingen treff.

– Slik kan me ikkje ha det, slo Thomas Vågen fast.
Dermed ringde han kommunen, og bad om eit skilt. Han møtte velvilje både hjå kommune og vegvesen.
 
ENDRING I KARTVERK
At det blei Møsstrond, og ikkje Møsvatn, blei avgjort demokratisk på eit allmøte med fastbuande i regi av kommunen.

– Veldig fint at kommunen tok initiativ til det møtet, og kom til Møsstrond for å drøfte spørsmålet med oss, syns Vågen.

Eit par år seinare og med den formelle endringa i Statens kartverk på plass står skiltet fest i bakken, og varslar kvitt på blått akkurat kor i geografien forbipasserande befinn seg. Det er Vågen glad for.

– Det handlar om identitet, og betyr mykje for oss som bur her, seier han.

Vågen trur skiltet vil gjera heimstaden synlegare og meir tilgjengeleg også for turistar. Dette er eit relevant poeng, meiner han, då reiseliv og turisme er noko av det mange møsstrendingar livnærer seg på.

– Det blir mykje lettare å lose folk som ikkje er kjende, no som me har skilt, konkluderer han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar